GODE GJERNINGAR FOR 15.GONG
(28.12.07) Diakoniprisen har vore viktig for å få kjøt og bein på diakonien i Vest-Telemark.No lyser Diakonatet etter lagleg kandidatar for 2008-prisen.Fristen er 25.02.08.I retningslinene for Diakoniprisen heiter det:
"1. Diakoniprisen for Vest-Telemark ,i denne samanhengen Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid, er til påskjøning og oppmuntring til grupper, foreninger eller lag som på ein særleg måte har vist diakonal omsorg, eller vore med på å bevisstgjere og motivere andre til diakonal innsats i Vest-Telemark.
2.Prisen kan unntaksvis delast ut til einskildpersonar. Same kandidat kan ikkje få prisen meir enn ein gong.
3. Kven som vil kan kome med framlegg til kandidatar. Styret ber om framlegg til kandidatar i annonse i kyrkjelydsblada samt i vest-Telemark Blad. Sokneråd, diakoniutval og kyrkjelge tilsette vert særskilt oppfordra til å kome med framlegg til kandidatar.
4. Val av kandidat vert gjort av styret for prostidiakonen.
5. Utdeling av prisen bør skje i samband med den årlege diakonisamlinga for Vest-Telemark, vanlegvis i januar.Styret har fullmakt til å fastsette stad, tid og form for utdeling av prisen, samt kunngjering." (Vedteke av Styret for Prostidiakonatet 16.02.1993.)
Framlegg med grunngjeving sendast :
Prostidiakonen i Vest-Telemark
Storvegen 60
3880 Dalen eller e-post: eilever@online.no innan 25.02.08
Biletet: I fjor gjekk prisen til ungdomsklubbprosjktet til NKSS og Kvitsund under leiing av lagsdiakon Reidun Nødland . Her under overrekkinga på kommunehuset på Dalen.
|