GOD JOL OG GODT NYTT ÅR!
(24.12.07) Det er tid for å ønskje god jol og godt nyttår.Og samstundes takk for alt godt samarbeid i 2007.Eg kjenner meg privilegert som får lov å vera diakon i Tokke, Vinje, Rauland, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Kjenner meg heldig og glad for å kunne arbeide i kyrkja her i Vest-telemark. Er takksam for å kunne vera med eit stort verdsvidt fellesskap. Eit nådigt fellesskap, som etter hendinga på Betlehemsmark har spreidd seg òg til oss.
Så er eg takksam for alt godt samarbeidet eg får ha med diakoniutvala, sokneråda, kyrkjeverjer og prestar. Alt det gode eg møter hjå kommunane og offentlege instansar.Takk til styret for Diakonatet, som fortel meg at eg framleis etter sytten år gjer ein god jobb! Ikkje minst takk til alle som opnar døra for meg og byd meg på kaffe....
”Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda hjå menneske som Gud har glede i.”
God jol og godt nyttår !
Med venleg helsing
Eilev Erikstein , prostidiakon i Vest-Telemark
Bilete: Hand som velsignar. Altartavla i Grunge kyrkje måla av Harald Kihle.
|