KLART FOR NY PILEGRIMSVANDRING
(22.01.09)Det har alt byrja å strøyme inn påmeldingar til årets pilegrimsvandring til Røldal, kan prosjektleiar Una Høydakl ved Vest- Telemark Museum melde. Vandringa startar 25 juni frå Seljord kyrkje og er framme i Røldal 3 juli. Det er tre startpunkt for vandringa. Anten torsdag 25 juni frå Seljord kyrkje, laurdag 27 juni frå Eidsborg stavkyrkje eller tysdag 30 juni frå Vågslid.Pilegrimsvandringa til Røldal vert arragert for åttande gong.
Vandringa er eit samarbeid mellom Vest-Telemark Museum, kyrka i Vest-Telemark og Røldal og historielaga i Seljord, Tokke, Vinje og Edland.
Interessera kan kontakte Vest Telemark Museum ved Una Høydal e-post ugh@vest-telemark.museum.no eller mobil 90965581
|