Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VARME JULEBRØD

VARME JULEBRØD Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 4.12.08

 

 

 

Sist laurdag var eg på Kvitsund Gymnas sitt Wergeland-stykke. Tredje klasse ved Kvitsund hadde sett Wergeland på timeplanen og laga hans diktning og liv til sitt særemne. To hundre år etter at han vart født. Ei imponerande førestilling. Ikkje visste eg Henrik Wergeland var så spennande.

 

Sæle Henrik seier ein stad at ” Kristenfolkets hjerter skulle være som varme julebrød.” Meir presist og vakkert kan ikkje diakonien uttrykkast.

 

Kvitsund Gymnas er i seg sjølv eit varmt julebrød for Vest- Telemark. Gjennom eit samarbeid mellom Norges Kristelige Student og Skoleungdomslag, Kvitsund Gymnas og kyrkjelydar driv lagsdiakon Reidun Nødland ungdomsklubbar.i Vest-Telemark. Ved Kvitsund har dei skjøna at det å vera med som friviljug er ein viktig ting. Det gjev livet nye dimensjonar. Anten ein er ung eller gamle. I år er over åtti elevar frå Kvitsund med i ungdomsklubbarbeidet.

 

Samstundes tek gymnaset på alvor at unge menneske er ein heilskap. Difor har gymnaset oppretta ei eiga stilling som skulediakon. Norges einaste, så vidt eg veit. Eg trur det kjem varme julebrød ut av slik satsing på diakoni.

 

Eilev Erikstein

 

eilever@online.no

www.prostidiakon.no

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no