Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
NOKON SOM TRENG NOKO EKSTRA ?

NOKON SOM TRENG NOKO EKSTRA ? (28.11.11)Det er adventstid. Julehandelen har byrja. Men somme uroar seg for korleis dei skal få pengane til å strekke til. Diakonatet førbur den årvisse utdelinga av matkasser, og treng hjelp til å finne nokon som kan ha glede av noko ekstra godt til jul.

I vårt velferdssamfunn det ikkje så reint få som slit med økonomien. Difor har  Diakonatet dei siste åra delt ut nokre oppmuntringspakke til jul. Desse matkassene er meint å vera ei jolehelsing og ei oppmuntring i førjulstida.

Som diakon er det fint å få reise rundt med dette handslaget frå kyrkja og diakoni. Takka vera nokre kyrkjeofringar og ei raus minnegåve i gravferda etter Odd Arnt Olsen er økonomien sikra. Elles er me takksame for den mangeårige sponsinga frå Coop-Dalen.

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no