Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
ENGLEVITJING

ENGLEVITJING Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 6.11.08

 

Dei siste vekene har eg gleda meg stort over å bu i Vest-Telemark. Kjent at eg heldig som får bu her i fred og fridom. I ein familie, ha vener og ein spennande jobb. Mat på bordet kvar dag. Får lov å ha ei tru og praktisere henne. Kan seia og meine det eg har lyst til. Til og med skrive det i bladet utan at nokon sensurerar meiningane mine.

 

Trass i mørke skuggar frå finanskrisa og trugsmål om nedskjeringar på kommunebudsjetta, har eg det godt I rein optimisme trur eg at dårlegare tider kan føre til noko bra.

 

Eg er heldig som får lov å bu her i Vest-Telemark. Her i dette velsigna landet. Gleda over å bu her, kjem denne gongen mest frå det faktum at Vinje og Fyresdal syner stor gjestfridoma og tek imot flyktningar. Samstundes feira Vinje kommune 20-år med flyktningar og fekk den høgthengande Amnesty-prisen.

  

”Gløym ikkje å vera gjestfri, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.” (Hebrearane 13,2)

 

I dag gleder eg meg over at det fins englar.

 

Eilev Erikstein

e-post: eilever@online.no

heimeside: www.prostidiakon.no

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no