Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,
og døden skal ikkje vera meir,
og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
For det som ein gong var, er borte.
(Frå Johannes Openberring)
Helgemesse er dagen i kyrkjeåret då me minnast dei som ikkje lenger er mellom oss.
På mange graver var det tent lys, og kyrkelydane heldt minnemesser.
Nokon kjem til kyrkjegarden for å takke. Andre går dit med sinne over ein far eller mor som stal livsglede or margen. Gravkanten er ikkje alltid staden for gode minne. Kyrkjegarden har plass til både takk -og sinne. Her kan ein sparke i småstein og jord, slå mot gravsteinar, plante vakre blomar eller sette seg ned for å prøve å sjå nokre samanheng i livet.
Ein stad å sjå samanheng kan vera i ei Leva- vidare gruppe. Kyrkjelydane i Vest – Telemark gjev jamnlege tilbod om slike grupper. Er ein interessert- kan ein kontakte kyrjekontora eller underteikna.
Eilev Erikstein