MANGE PÅ VERDISEMINAR
( 27.10.08) Verdisminaret på Vinjehuset på sjølve FN-dagen vart velukka. Førti menneske fekk høyre fagleg gode innlegg om islam og Somalia. Samstundes sterke historiar om utfordrande integrering. Seminaret var fyrste post på flyktningjubilet i Vinje.Seminaret vart opna av Vinje-ordførar Arne Vinje. Vidare fortalte teolog og islam-ekspert Jan Opsal om dei fem grunnsøylene i Islam. Sosialantropolog Jan Hakonsen synte bilder og gav ei kort innføring i somalsk historie og kultur. Nav-arbeidar Fauzia Hashi fortalte om kvar skoen trykker i høve integrering.
Ellers reflekterte Fyresdal-Ordføraren Bjørn Nome og Tokke- ordføraren Olav Urbø om utfordringar og glede ved busetting av flyktningar. Verdiseminaret var avslutta ved at Diakonat-leiar Osc J. Garnes ovverekte ei diakonistaup til Abdi, ein viktig person og eit stor førebilete i Vinjes somalske miljø. Verdiseminaret er elles eit samarbeid mellom Diakonatet og Vinje kommune. Seminaret var halde for femte gong.
|