VELLUKKA KONFIRMANTTREFF PÅ DALEN
( 20.10.08) Konfirmantar frå Vinje, Rauland, Fyresdal og Tokke hadde ein felles dag på Dalen denne helga. Undervisning, turneringar og gudsteneste var noko av innhaldet.Alt i alt deltok 97 konfirmantar saman med prestane i Tokke, Vinje, Rauland og Fyresdal frå kl.10-17.Samstundes var samlinga godt støtta opp av forldre som ordna mat og hjalp tilå rydde opp. Edland vann fotballturneringa og Kjetil Veum Sveinsson var best med bordtennisrackerten.
Dagen vart avslutta med nattverdgudsteneste.
Ein dag som vart ypperleg leiia av vikarpresten i Tokke Jarle Bryne.
|