Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
HÅPSGUDSTENESTE PÅ DALEN

HÅPSGUDSTENESTE PÅ DALEN Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 15 oktober 2008

HÅPSGUDSTENESTE PÅ DALEN

 

120 000 barn her i landet lir under vaksne sitt rusmisbruk, seier Blå Kors. Sundag er det Blå Kors som har TV-aksjonen. Inntektene går til prosjekt for born og unge som lid fordi dei sjølve eller vaksne rusar seg. Pengane skal nyttast både innanfor og utanfor landets grenser. Mellom anna i Brasil, Ukraina, Lesotho og India.

 

Mange slit med seinvirkningar av ein oppvekst prega av rus. Det kan vera ei tung bør. Men det er mangt som kan rettast å sette ord på kjenslene: ” Ting skal ikkje teiast i hel, men talast i hel.”, seier dei i Blå Kors.

 

I solidaritet med alle som lir under under andre sitt rusmisbruk bed kyrkjelydane i Tokke inn til Håpsgudsteneste på Dalen sundag. Det blir song av ”Tusen Stjerner” og Willy Gulbrandsen.

 

Eilev Erikstein

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no