EIN PÅMELDT TIL VERDISEMINARET
( 14.10.08) Å skipe Verdiseminar har etterkvart vorte eit årleg samarbeid mellom Prostidiakonatet og Vinje kommune. Det femte Verdiseminaret vert halde på Vinjehuset på Fn-dagen. Til no er ein påmeldt , så her er det framleis god plass.
Tidlegarar har Verdiseminara handla om kva som gjer at folk vil bu i Vest-Telemark, friviljugt arbeid, Vest-Telemark fylla og klimaspørsmål. Verdiseminaret er denne gongen eit del av ein tredagars fest i samband med feiringa av 20-år med flyktningar i vinje.
Påmelding til Verdiseminaret skjer til Tenestetorget i Vinje.( 35062300)
Progam for Versdiseminaret fredag 24.10.08 kl. 11.30-16 Innsikt-utsyn-vidsyn
Kl 11.30-12.00 : Suppe og brød, kaffe/te
Kl 12.00-12.10 : Opning og velkomen ved Ordførar Arne Vinje
Kl 12.10-13.00: Forskar Jan Opsal : Dei fem grunnsøylene i Islam.
Idear og tankegods som er felles for kristne og muslimar.
Ein styrke og mogeleghet eller fare og hindring for samhandling?
Kl 13.00-13.10 pause
Kl 13.10-14.00: Forskar Jan M.Haakonsen: Individ og familie , familie og samfunn.
Roller og forventningar utfrå tradisjon.
Utfordringar og mogleghetar i møte med norsk samfunn og tankegang.
Kl 14.00-14.30: spørsmål og innspel til båe innlegga
Kl 14.30-14.50: pause med frukt, te og kaffi
Kl 14.50-15.35 : NAV arbeidar Fauzia Hashi frå Vegårdshei: ”Kvar trykker skoen?”
Kl 15.35-16.00: Fyresdalsordførar Bjørn Nome og Tokkeordførar og leiar i regionrådet Olav Urbø: ”Kvar trykker skoen?”
15.55 Avslutning ved styreleiarar i Prostidiakonatet Oscar J. Garnes
Påmelding til Vinje kommune, Tenestetorget 35062300.Betaling av seminaravgifta på 200 kr.på Vinjehuset.
Bilde: Frå Verdiseminaret på Møsstrond i august 2007. Ordførar Arne Vinje føreles.
|