EIN VELSIGNA MANN!
Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 25.09.08EIN VELSIGNA MANN
I dag vert Oscar J. Garnes i Vinje seksti år. Oscar har levd eit langt liv ulik kyrkjeverksemd. No er han informasjonsleiar i Kyrkas Arbeid- og interesseorganisasjon. I si tid arbeidde han for å få til prostidiakonstilling i Vest-Telemark. Då er me attende på 1970 og 80-talet. Sidan 1995 har han så vore styreleiar for Diakonatet i Vest-Telemark. I den funksjonen har han vore ein god arbeidsgjevar. Støttande og utfordrande. Evne til å sjå gode ting. God til å finne løysingar og halde opp viktige visjonar. Klartenkt og ømhjarta. Eller det ordet eg likar best av alle: diakonal. Oscar, har vore ein velsigna mann for mitt diakonliv.
Oscar har mange nådegåver. Anten det å gje vidare kreative idear eller by på romslegt nærvèr. Eller det nådegåver eigentleg handlar om: Det å formidle Guds store nåde.
Gratulere med dagen, Oscar!
Eilev Erikstein
eilever@online.no
www.prostidiakon.no
|