GRATULERE MED DAGEN, OSCAR !
( 25.09.08) I dag fyller Oscar J. Garnes seksti år. Sidan 1995 har han leia Diakonatets arbeid i Vest-Telemark. Men han har ei lang fartstida innan ulik kyrkjeverksemd.Sunnmøringen Garnes har budd i Vinje og Vest-Telemark sidan 1975. Mellom anna har han vore krinsekretær i i KFUM, drive konfirmantarbeid på Grungebru, kyrkjeverje i Vinje og dei siste ti åra informasjonsleiar i Kyrkjas Arbeids- og interesseorganisajon. Diakonatet i Vest-Telemark vil på det varmaste takke for Oscars store innsats innan diakonien i Vest-Telemark.
|