Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
BOKPERMISJONEN ER IGANG

BOKPERMISJONEN ER IGANG ( 8.09.08) Sist måndag starta eg ein femvekers studiepermisjon. Saman med Sauheraddiakon Ivar Solbu(bilde) er målet å lage ei praktisk diakonibok knytt opp mot den nye Diakoniplanen

Takka vera støtte frå Opplysningsvesnets Fond, Diakonforbundet og Prostidiakonatet er prosjektet mogeleg å gjennomføre.Prosjektet har ei referansegruppe sett saman av folk med god kjennskap og kunnskap om diakonien. Guro Hellgren( Rådgivar Kyrkjerådet) Erling Jakobsen( Diakonikonsulent Agder og Telemark) Asbjørn Sagstad ( Kirkens Sosialtjeneste) Kari Jordheim( Diakonhjemmet), Sigrid Flåta Hurum( Soknediakon Haslum).Prosjktleiar for diakoniboka er styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes.

 

Under kan ein møte smaksprøver frå bokprosjektet kalla "Med Andre Ord."

NESTEKJÆRLEIK

 

 

Nestekjærleik har aldri vore mitt ord. Kjærleik var greiare. Vanskelge å forstå, men likevel meir til å ta og kjenne på, fantasere og drøyme om.  Nestekjærleiken var innelåst i bibelsoga, og noko ein kunne byrje med når dei verste hormonane hadde roa seg. Nestekjærleiken var for gamle damer som stod for åresalet på misjonsbasarar. Det var dei same damene som klappa meg på hovudet under kyrkjebesøk, og sa eg var blitt stor. Eg veit ikkje om eg tenkte over at kamferdropsa som gjerne følgde med, var ein del av nestekjærleijken, men godt gjorde dei.

 

Men eg kan hugse ein medelev som gav ordet eit visst innhald. I ei kristendomtime forklara han det med ein kjærleik som hoppa vilt ikring. Fyrst hjå den ein, så hjå den andre. Ein kjærleik som ikkje handla om kviser og utsjånad. Ein kjærleik utan smålege baktankar Ein kjærleik som var til på rein og pur trass. Denne kjærleiken var det ikkje mykje ”leik”. Han var alvorlege saker. Rett nestekjærleik var å sette seg sjølv til sides. Helst måtte ein be om orsak for å vera til. Nestekjærleiken var lite å å trå etter.

 

Men når ein vert mann må ein legge av det barnslege, seier Paulus. Han som sjølv har gjeve den store definisjonen av kjærleiken i Korientarbrevet. Som vaksen må ein ta eit oppgjer med seg sjølv og sine gamle tankar. Kan hende slutte å å tenkje på nestekjærleiken; berrre vita at ein kjenner det når ein møter den. Heller ikkje gjera den meir mystisk enn den er. Forfattaren Edvard Hoem skriv i boka ”Mors og fars historie” at han spurte mor si om ho elska faren. Sjølv hadde ho eit barn med ein tysk soldat då ho kom saman med emisæren Hoem. Ho svarar; ”Eg elska ikkje far din då eg kom saman med han, men han var trufast og truskap er like viktg som kjærleik, så eg vart glad i han.”Svaret peikar på at kjærleik kan  lærast. Og ein av historias meste kjende diakonal kvinner Mor Theresa seier at ein ikkje må tenkje for mykje på å elske. Ein må berre gjera det!

 

Nestekjærleik skaper ofte strid og ordskifte. Dei kom til Jesus og ville sette han fast. Kven er min neste, spurte dei skriftelærde. Jesus let seg ikkje inn i ein stor diskusjon om verdige og uverdige for vår kjærleik. Han fortate heller den ulitmate historia om nestekjærleikens gjerningar. ”Ein mann for frå Jeriko og fall i hendene på røvarar”

 

Historia om den miskunnsame sameritan sett ein standard for våre tankar om nestekjærleik. Ikkje at ho gjer nestekjærleiken lettare å utføre. Men han finn sitt feste i at Ein har elska oss fyrst. At kvar god gjerning er eit attendebetaling og ei Gudsteneste. 

 

Det er frigjerande at Jesus snur opp ned på farisearens spørsmål . Det handlar ikkje om kven nesten er.  Men kven som bèr seg åt som ein neste for den nedslåtte.  Og oppfordringa er klar: Gå avstad og gjer likeins.

 

 

INKLUDERANDE FELLESSKAP

 

Bussen hadde gått frå meg, og eg skulle nå eit tog. Ein triveleg kar stoppa og gav meg skyss. Han køyrde fort for mi skuld. Kunne vel ha hamna i fengsel for å få meg på toget. Samtala slingra like mykje som vegen. Det viktigaste eg hadde høyrt, skjøna eg ikkje før eg med eitt minutts klaring dumpa ned i togsetet. "Diakonar kan sjå ein heilskap der andre berre ser einskilddelar. Diakonar kan sjå det heile mennesket her og nå. Det trengst i våre dagar," hadde byråkraten sagt. Der og då kjende eg meg stolt over at diakonien hadde ei slikt omdøme hjå denne karen.

Ein såpefabrikk reklamerte før i tida med at det alltid var plass til ein til som bruka deira såpe. Mange kan ha opplevd kyrkjefellesskapet på denne måten. Du må "lukte" på rett måte før du kan bli ein del av det. Ingen ting kunne vera fjernare frå Jesus bodskap. Evangelia fortel om ein måte å møte menneske på som i seg sjølv var inkluderande. " Kva vil du at eg skal gjera for deg", spurte han den blinde tiggaren Bartimeus. Og kvinna ved Sykar-brønnen utfordra han til å hjelpe seg med å skaffe vatn. Fyrst fekk ho ei oppgåve, så kunne dei ta til å snakke om livet. Ikkje sprang han etter henne heller. Han sat der på brønnkanten då ho kom.

Ein kan lett tenkje at diakonien er ein tenelg reidskap for å gjera menneske kristne. Men ein slik tanke vert lett avslørt. Diakonien fungerer dårleg som agn. Men dei gode gjerningane og gode fellesskap har ein verdi i seg sjølv. Kjærleiken fortel at mennesket har verdi. At det einskilde mennesket er noko.

Felleskap er krevjande. Inkluderande fellesskap enda meir krevjande. Men det handlar om å våge nokre steg. Eg skal aldri gløyme eit diakoniutvalsmøte der temaet var kva ein kunne gjera for ungdomen i bygda. Samtala gjekk høgt og vidt om rusmisbruk og ungdom og farleg selskap. Det såg ut til at oppgåvene var for store og for mange. Det tunge mismotet senkte seg over møtet. Ei kvinne fortalte om at det hadde plage henne å å sjå ein nyinnflytta gut hengje på bensinstasjonen seinkvelds. Ho hadde høyrt at han var noko av ein pøbel. Selde kanskje stoff. Ein gong våga ho seg til å seie hei. Ein annan gong spurte ho om namnet. Det vart fleire og fleire treff. Før ho visste ordet av det sat han i sofaen og åt pizzia.

Inkluderande fellesskap kan lett bli berre snakk. Men ein kjenner det på seg når ein har kome inn i eit. Inkluderande fellesskap handlar om vegane mellom menneske. Denne infrastrukturen er viktigare enn det meste i samfunnet. Opplever ein dei gode fellesskapa, kan ein bli styrkt i si tru på både Gud og menneske. Ein sliten pilegrim kom gjennom Vest-Telemark og var teken imot med kringle og saft i Brunkeberg-kyrkja. Så datt det berre ut av henne: "Dette er som å kome til himmelen." Folket i Brunkeberg er glade i heimplassen sin, men eg har aldri høyrt dei omtale heimbygda som himmelen. Men ei varm mottaking som gav det ein trengte der og då, sette ting på plass.

 

VERN OM SKAPARVERKET

 

Det høyrer vel med til alderen å uroe seg over ting. Uroe seg over korleis det sjal gå med ungane, husgjeld og rentestigning. Så kjenner eg det i magen når vintrane blir berre slaps og gråvêr. Med fare for å verke gamal tek eg meg i å tenkje på barndomens vintrar. Stabilt kalde og haugevis med snø, seier iallefal minnet mitt. Det er ei sorg i meg over at snøvinterane vert stuttare og stuttare. Og varme dagar er ikkje like lette å glede seg over lengre.

 

For lenge sidan tok Gud eit oversyn over Skaparverket sitt, og stadfeste at alt var såre godt. Somt av det skapte har Han  ein spesiell kjærleik til. Mennesket skapte Han i i sitt bilete, i sitt bilete skapte Han dei. Sterkare kan det ikkje bli sagt. Så fekk menneska eit oppdrag av den gode Gud. Fyll jorda. Kan hende vart det noko upresist oppfatta. Stoda i dag er at det alvorlege problem knytt til mennesket sin aktivitet og ulik fordeling av godene.  Klimaproblem, fatigdom og naud. Heile Skaparverket ligg med alvorleg feber.Det er ikkje lenger noko is til å senke verdstemperaturen.

 

Febernetsettande medisin er naudsynt. Dei aller sterkaste. Så lever det ei sterk tru på fikse energiløysinga som skal berge oss. Kjekke løysingar som kan gjera at me i vestlege verda kan halde fram med vårt overforbruk. Etterkvart nyttar det ikkje med febernedsettande medisin. Det går meir mot amputasjon av den verste materialisimen fot å berge heile verdas kretsløpet. Spørsmålet er berre kor mykje ein må skjere bort.

 

Vår velstand, mitt forbruk fører andre inn i direkte naud. Dei som òg er mine sysken, og skapte i Guds bilete. I Kalahari må ein buskmann rømme for ørknen, i Alaska forsvinn eskimoanes livsgrunnlag med issmeltinga og barn døyr av dei aller enklaste sjukdomar.  Langt borte- likevel heng det saman med vårt forbruk. For ikkje å seia; Mi synd. Og eg tek meg i å minnast ein sein kveld på Den Dominikanske Repbulikk i Karibien. På ein studietur møtte med ein metodistpastor. Med snakka om korles fattigfolket såg på tilhøvet til Gud når dei framleis var så fattige, om dei rett og slett miste trua på at Han kunne hjelpe deg. Pastoren svara oss heller tørt; ”Utan Gud var me verkeleg fatige.”

 

Kamelar kan me sluke. Det gjer meg kvar dag om me trur at det er godt for noko. Men når ein samtundes vil smyge seg gjennom nålaugo, vert det vanskeleg.  Kor mange utgreingar og klimapanel treng eg? Kven kan hjelpe meg med handlingsalternativ. Kven kan gjev meg von om at det nytter?  Eg hugsar eg høyrte stolte forteljingar i min barndom om slekningar som fortalt om kva ei gjorde i kampen mot tyskarane. Alt no gruar eg meg til mine barnebarn tek til å spørje meg meg ut om min innsats: Kva gjorde du for berge klima og verda, bestefar?

Det vert heller ein pineleg ride-ride- ranke av slikt.

 

KAMPEN FOR RETTFERD

 

Eg har måtte få meg progressive briller. Då ser ein eitt og anna på nye måtar. Helst vil eg ikkje det. Den grunnleggande skjeive fordelinga i verda, har vorte meir og meir tydeleg. Det marar meg at eg ikkje har sagt tydelegare ifrå når menneskeverdet vart krenka gjennom svelt og fattigdom. Det slit meg at eg ikkje tydelegare endrar min livstil i ein meir miljøvenleg retning. Eg snur meg bort frå dei fattige borna på fjernsynet. Somtid tenkjer eg at det er rett å beskytte seg på den måten. Det samla trykket av verdas urett, blir for stort og likesæla er neste stasjon.

 

Eg treng ikkje fleire utgreinngar for å forstå at fattigdom og klima er er våre største utfordringar. At miljøydeleggingane fører til fattigdom og at det er urett at ressursane er så ulikt fordelt. Pengane til kosmetikk i verda, kunne sikre reint vatn til alle menneske, har eg høyrt. Det kan heller ikkje vera rett at born brukar halve dagen på å hente vatn, slik at dei  ikkje får tid til skulegang. Eller blir utnytta som banearbeidar for at eg skal få kjøpt ei billig te-skjorte.

 

”Kan dei ikkje berre eta kaker”, skal den franske dronninga Marie Anoinette, ha sagt då ho vart konfrontert med at folket i Paris var svoltne og ikkje hadde brød. Det endte med at folket tok makta, og dronninga vart eit hovude kortare.

 

Diakoni høyrest så snilt ut. Men forstått rett kan den ikkje sjå at folk vert stengt ute. Den kristne kyrkja har mangt og mykje å be om orsaking for. I Sør Amerika seier eit ord det slik: ” Dei kristne kom med ei bok, og me hadde store ressursar i gull og sølv. Dei tok gullet og sølvet og me sit igjen med ei bok.”

 

Men det spørs òg korleis ein les denne boka. Mange stader har Bibelen vore inspirasjonskjelde for å få endra makttilhøva.  Når Jesus presenterte seg sa han at han var komen for å sette fattigfolk fri. I det heile spurte Jesus ofte etter dei som var sett på sidelina. Han ville ha dei inn på banen. La dei få spele med.

 

Ei svart kvinne i Alabama, USA gjekk ein dag på ein buss for kvite. Rosa Parkes ville ikkje lenger tòle uretten mot dei svarte. Det betra tilhøva for afro-amerikanarane.  Verda er er full av slike håpsteiken. Menneske som med fare for sitt eige liv, vågar modige handlingar. Eller konfirmantar som tek ut på bøsserunder for Fasteaksjonen.

 

Me er sett til til å finne håpsteikna i verda. Hjelpe kvarandre til å finne handlingsalternativ. Til å ta aktive standpunkt for dei som er sett utafor. Marginalisera og stigmatisera , er faguttrykka. Med andre ord er det snakk om menneske.

 

Gud oppnemnte oss ein gong til forvaltar. Dette vert uttrykt så godt under kyrkjeofringar.  Av ditt eige gjev vi deg attende.

 

 

 

 

 

 

OM KAMPEN FOR RETTFERD( Ei samtale)

 

Eilev: Kampen for rettferd?  Det må vera vel vera noko meir enn å kjempe for lågare bensinpriser? Eller vinmonopol i alle kommunar?

 

Ivar: Kjem du i hug siste gong du kjempa for rettferda?

 

Eilev: Det er vel ikkje noko godt teikn at eg ikkje hugsar!

 

Ivar: Det minner meg om songen ”Alltid freidig”. Den var fast songpensum på skulen før i tida. ”Dø om så det gjelder”,  heiter det: da blir livet ei så svært, døden ikke heller”? Men eg veit ikkje kva eg er viljug til å dø for?

 

Eilev: Men kan hende er det og eit poeng i det som òg står: Med et Fadervår i pakt, skal vi aldri gyse”.  At ein får lov å tru trur på noko som gjev retning og samanheng. At ein har me seg ein link til noko utanom seg sjølve.  Eit feste. Litt slik som at ein drage vert verdløs om han ikkje er fest med ei line og nokon som held seg.

 

Ivar: Så kristeleg du vart! Det kan ’sikkert hjelpe deg, men livet kan då ofte vera

”svært”! Det er elles god gamal, diakonal tradisjon for å dø for det ein trur på. Mitt ideal er er diakon Laurentius. Laurentius døydde i kampen menneskets verd. Tiande august 258. Dødsdagen hans er min bursdag, så den er lett å hugse.

 

Eilev: Eg er glad du lever, men ellers er det litt leit at vi må så langt tilbake for å finne diakonar som stod i kampen for rettferd, og betalte for den med livet sitt. Eg saknar opprøret i diakonien. Somme gonger ligg i bakhovudet mitt at ein må trø varsamt så ingen finn på ville stoppe løyvingane til diakonien. Å banne på kommunehusa kan vera like ille som i kyrkja. Synes òg det er vanskeleg å synge Alltid Freidig, men Odd Børresen sin song om å vera snill. Ja, så fordømrade snill, passar betre.

 

Eilev; I ungdomen las eg Natten Brød av Falkberget til tårene tok meg. An-Magritt var varm, sterk og full av kamp og kjærleik. Med ein trasig bakgrunn. Ho kom til etter ein valdtekt. Vaks opp i trònge kår. An-Magritt stod for noko. Trudd på rettferd for gruvefolket. .

 

Ivar: Sytten hundretalet på Røros, er greit nok. Eg forbind An-Magritt med ei trist Liv Ullman. I dag må ein kanskje ut av landet for å finne tydelege kampsaker?

 

Eilev: Truleg er det berre ei enkel lita bortforklåring! Kampen for rettferd kan vera rett rundt hjørnet. Det er rimeleg mange som dagstøtt opplever vald i heimen. Ungar som ikkje får omsorg. Asylsøkjar som vert teken på alvor.  Men det er vel slik at ut i verda mangt klårare.  Rike plantasjeigarear som høgg ned regnskogen i Brasil, for å ala opp Mac Donalds-oksar kostar,  det lite meine noko om. Det slår meg at i kampen for rettferd, vert mennesket meir tydeleg.  Eg trur eg må til Mumidalen for å forklåre kva eg meinar. Tove Jannson skriv om eit jente som er blitt gjort usynleg av ei slem tante. Gjennom forfina ironi har jenta blitt heilt borte.. Den gode Mumimamma gjev jente rom og tid, finn fram sine magiske oppskrifter og etterkvart vert jenta syneleg att. Men ikkje heilt. Andletet er borte. Heilt til Munmipappa let som om han vil dytte Mumimamma ut i vatnet, jenta ser det og bit pappan i halen. Då kjem  andlet hennar fram. I i den gode aggresjon, den som vil verge ein annan vert jente gjeve eit andlet.

 

Ivar: Litt Emanuel Levinas , meiner du?

 

Eilev: Ja, kva veit du han?

 

Ivar; At han seier at det handlar om å attekjenne det sanne menneskelge hjå kvarandre.- og handle utfrå det. Elles seier han at før dialogen kjem diakonien. Det var er kjempegodt sagt!  At menneske må oppleve noko godt før dei kan gå i dialog. Det er vel slik at i kampen for rettferd, er forsoninga eit kjerneord. Eg vil berre nemne Sør Afrika. Der lærte eg at ein aldri kan snakke lettvint om forsoning. Noko seier at på gamalgresk tyder diakon – ein mellomnann-ein som står i teneste.

 

Eilev: Kva du veit! Men eg får ikkje plass til fleire Sør-Afrika historiar her. Men eg las ein gong at det vanskelegaste og bitraste Nelson Mandela hadde opplevde var skilsmissa frå kona Winnie. Det trøysta meg òg litt. Den store forsoningsmannen med 27 år bak murane , kunne og slite med det heilt nære. 

 

 

 

 

 

SAMTALEOM INKLUDERANDE FELLESSKAP

 

Ivar: Kor mange har du inkludert i fellesskapen dei siste tretti døger?

 

Eilev: Ingen mot normalt?! Neida. Ikkje spør så ekkelt. Har ofte nok med å inkludere meg sjølv, og få mitt eige liv til å henge saman! Tenker stundom på kva den amerikanske komikaren Groucho Marx meinte med at han ikkje vil vera medlem i ein klubb som vil ha han som medlem. Somme fortel meg at i kyrkja er det berre hyklarar så der kan dei ikkje vera med. Vel, eg kan gjerne vedstå meg mine meir hyklerske sider. Men kyrkja må vel vera for  oss,og.

 

Ivar: Men du merker vel om du kjem inn i gode fellesskap?

 

Eilev: Det er så mange ulike former av fellesskap. Ein gong vart eg boren inn i Lademoen kyrkje, helt vassdråper over og krossteikna. Det sette meg inn i eit stort verdsvidt fellesskap. Likevel er det ikkje dåpsattesten min eg har i lommeboka, men ein fotballbillett. Eit suvenir frå verdas største fotballstadion La Maracana i Rio de Janeiro, minner meg om to gonger førti fem minutt med himmelsk ekstase.

 

Ivar: Du vil ha litt meir brasiliansk diakoni? Litt meir kjapt samspell, uventa vendingar  og brassespark!

 

Eilev: Gjerne det. Men mest tenker eg at kyrkja er eit stort kollektiv. At ein kan kome inn i dette fellesskapet ute av stand til å seie fram dei rette bønene eller trusvedkjenninga, og likevel vera ein del av den verdsvide kyrkje. På stadion i Rio de Janerio heia me og var ein del av fellesskapen uten at me kjente laga eller kunne songane. Det var ingen som spurte etter kven me var, men kanskje såg dei gleda vår over å over å vera del av noko større. Ellers er ikkje det berre samba og klikk-klakk i brasiliansk fotball. Somme gonger bruker dei så mange trekk at det er til å få mark av. Det må vel og tyde at ein kan få vera lenge i fellesskapen før ein kan dundre til med ei avslutning.

 

Ivar: Tru er ei slags kollektiv handling, då?

 

Eilev: Mange plassar meir enn hjå oss. Men ein finn dette igjen i Bibelen. Dei bar ein lam mann til Jesus. Braut opp taket, så sagflis og støv fall i hovudet på han. Det står ikkje noko om trua til den lamme, men at Jesus såg trua ”deira”, frelste han og ba han ta båra si og gå.

   

Ivar: Eg kjem til å tenke på at det fyrste som skjer i ei gudstenesta er nådehelsinga: ” Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ”

 

Eilev: Og ingen må stå til rekneskap for kva dei eigentleg trur teologisk sett om homofili og andre stridsspørsmål i kyrkja.

 

Ivar: Men korleis kan diakonien og kyrkja bygge gode og levande fellesskap, er vel hundre tusen kroners spørsmålet her?

 

Eilev: Meir eit millionspørsmål. Eg veit ikkje om me kan programerast til til gode fellesskap. Kanskje heller legge til rette for at folk kan møtest, og dele livet sitt i ulike mindre grupper. Gjennom sorggrupper eller ” Leva Vidare-grupper” som det har vorte heitande hjå oss. Det kom nemeleg ei dame som sa at sorggrupper høyrtest så trist ut. Hennar prosjekt var heller å finne grunner til å leva vidare utan mannen sin.

 

Ivar: Godt å sleppe og ta ansvar for at alle skal ha det! Grupper gjer vel og at folk kan kjenne at det dei har å dele, kan vera viktig for andre. Men kva me som alle som luktar vondt og lever heilt på sida av alle normer. Alle som ikkje passar inn A4 format.

 

Eilev: Det er vel der diakoniens store utfordring ligg for tida. Eg veit berre at Jesus i liten grad sprang etter folk. Då han møtte den sameritanske kvinna, ho som hadde hatt fem menn, sat han på ein brønnkant. Brønnkantane fins. Men eg treng ro og frimot til å sette meg ned.

 

Ivar: Somme startar òg sitt kyrkjeliv på bakarste benk! Kan hende er eit inkluderande fellesskap som ein familie? Dåpsattesten fortel kven me høyrer til. Men dette hindrar ikkje bitre familieoppgjer og strid. Likevel; dåpsvatnet er vel tjukkare enn blod.  Kranglinga kan vera heftig. Men ein veit at stort sett at det vert bra igjen.

 

Eilev: Ja, ja. Men lett er det ikkje. Veit du kva som er det norskaste av alle ord? Ordet dugnad er heilt spesielt for Norge.

 

Ivar: Inkluderande fellesskap er lik dugnad meiner du? Ein stad der me kan koma med det me har og få til gode ting. Kvar og ein med si fagkunne. Nokon er vant med å leie eit arbeid. Somme kan trille stein og køyre traktor. Andre er gode til å bake kaker eller koke kaffe.

 

Eilev: Dugnadsdiakoni? Diakonidugnad? Her må det vera plass til alle.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no