Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VELUKKA VANDRING

VELUKKA VANDRING ( 4.09.08) Prosjektet vart kalt den " Gode veg.", og handla om ei pilegrimsvandring frå Grunge kyrkje til Røldal. Sist veke gjekk fekk ein prøve ut om tanken om pilegrimsvandring sett inn i ein terapisamanheng.

Tolv menneske kom til Stavkyrkja i Røldal fredag 29 august 2008  - i eit blankt seinsommarver- etter fem dagar på vandring. Nesten 70 kilometer av attendelagt og det var godt å koma fram. Alt i alt atten var menneske innom vandringa.  Turen var eit samarbeidsprosekt mellom psykiatri i Vest-Telemark, Vi-To Kompetanse på Dalen, DPS og prostidiakonen. Økonomisk vartt turen støtta av Folkehelsa.

Frå deltakaranes evaluering heitter det:

Ein lærer seg sjølv å kjenne på godt og vondt.

Terapifritt. Lite sjukdomsprat. Godt å gå mot eit felles mål.

Hvis eg kjem opp den fyrste bratte kneika- då kjem eg heilt fran, tenkte eg.

På vandringa fekk eg kjensle av ¨å vera likeverdig.Det var ein god tanke.

Fjellet er betre enn piller, tenkte eg midt på Haukeli.

Godt å oppdasge at eg kunne halde følge, og ikkje var til bry fordi ein sinka andre.

Har fått sett nye, sterkare sider hjå kvarandre.

Nå veit eg at 14 kilometer i nærmiljøet - vikl gå greit for meg. Eg kan melde meg på turer i DNT.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no