NOK EI PILEGRIMSVANDRING
( 25.08.08) Tidlegare i sommar gjekk førti pilegrimar frå Vest.Telemark til Røldal. No startar nok ei vandring.Måndag 25 august legg femten menneske ut på vegen til Røldal.0
Starten denne gongen går frå frå Grunge kyrkje. Fyrst dagen går turen til fem kilometer til Edland før ein tek til på vegen over fjellet. Målet er å vera framme i Røldal fredag 29.august. Alt i alt er vandringa på 90 km.
Pilegrimstradisjonen har mykje å tillby menneske som ber ekstra tunge bører. Tradisjonen knyter saman åndeleg søken, helseforbetring og fysisk aktivitet til ein heilskapleg tankegang om livsforbetring.
Vandringa er eit samarbeidsprosjekt mellom psykiatrien i Vest-Telemark , DPS i Seljord,Vi-To på Dalen og diakonien.
ETAPPELISTE
MÅNDAG 25. august 2008
Start frå Grunge kyrkje kl.14 Lunch i Grunge kyrkje kl 14
Overnatting og middag på Velemoen Camping, Edland
TYSDAG 26. august 2008
Avgang Velemoen Camping kl.09.15
ONSDAG 27. august 2008
Avgang Vågslid kl.09.15
Framme ved Ulvåa kl.17
TORSDAG 28. august 2008
Avgang kl.09.15
Over Dyrskard til Svandalsflona.
Lunch på hytta i Dyrskard.
FREDAG 29. august 2008
Avgang kl.09.15
Vandring frå Svandalsflona til Røldal.
Samling i Røldalskyrkja kl.15
Avslutning med middag i Røldal
|