DIAKONALT JOLEBORD
(11.12.07)Det vert løyd lite pengar til nye diakonstillingar for tida, men i Vest-Telemark har det likevel vore auke i nye stillingar. Det er det vel verdt å å feire med eit jolebord.Denne veka samla diakonane i Aust- og Vest-Telemark prosti seg til jolebord på Sjøorm-kroa i Seljord. Titlar bør ikkje diakonar vera for opptekne av, men likevel er det moro å sjå dei utypiske stillingsnamna. Lagsdiakon, sjukeheimsdiakon og prostidiakon. Midt i flokken er det godt å ha soknediakon Ivar Solbu frå Sauherad som har tredve år bak seg i denne stillinga. Fem av sju diakonar frå dei to prostia var samla i Seljord. Utfrå stemninga og responsen etterpå kan dette jolebordet alt reknast som ein fast tradisjon.
Bildet:Deltakarane på jolebordet.(f.h) Sjukeheimsdiakon Bjørg Abusland. Tokke, Lagsdiakon Reidun Nødland, Kviteseid, Soknediakon Svanhild Rui Gustavsen , Seljord, prostidiakon Eilev Erikstein,Tokke og soknediakon Ivar Solbu, Sauherad.
Eilev Erikstein
|