Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
PILEGRIMANER FRAMME I RØLDAL

 PILEGRIMANER FRAMME I RØLDAL ( 7.07.08) Årets pilegrimsvandring er over. Femti menneske kom til Røldal kyrkje fredag fjerde juli. Dagen som har namnet Gamaljonsok. Det var denne dagen krusifikset i kyrkja vart sagt å sveitte. Som diakon i Vest-Telemark var det mi oppgåve å halde vandringsmeditasjonar undervegs på vandringa.

 

 

1. VANDRINGSMEDITASJON

SELJORD-MORGEDAL

NÅDE VERE MED DYKK

OG FRED FRÅ GUD VÅR FAR!

 

Eg står ved Seljord kyrkja. Skraper lett i grusen, gjer meg klar til å vandre.  Ser vestover.  Lyfter augo mine mot fjella. Nådeorda frå messa kling meg i øyro. Gode å ha med seg. Sveipar innom mangt og mykje. Endar opp i ein skuletime med tysk diktat. Det er elles ikkje mykje eg hugsar frå tysktimane. Vel somme an-auf – in – hinter- neben – uber - unter – vor – zwitshen. Men så ein setning, eit ordtak kjem for meg. Det er vel alle dei raude strekane som gjer at eg hugsar det: Wenn jemand eine Reise tut, då skal ein visst ha noko å fortelje etterpå. Om det vert historiar om heftige regnbyger i Morgedal, ei tilgjeving i nattverdkalken i Vinje kyrkja eller ei vakker kveldsol på Haukelifjell, vil tida og beina vise. Glad for å kunne leve, for å ha bein å gå på, for å vera menneske. No er tida for å ta alt dette i bruke. Nyte gleden av liv og fellesskap. Dansken Benny Andersen seier det slik; ” Spar ikke på angst og vennlighet!”  Eller luer – slik Ingrid Sletten av Sillejord gjorde.

 

 

Hun gjemte huen i tredive år

Måtte ikke skjemme den ut

Så bærer jeg den så glad som brur

Når jeg for alteret står

 

Hun gjemte huen i firti år

Måtte ikke skjemme den bort

”Vesle min hue, for visst jeg tror,

Vi aldrig for alteret står
 

Hun ganger for kisten å tage den

Hjærtet var så stort derved

Hun leter fram til dens gamle sted

Da var det ikke tråd igjen.

(Bjørnstjerne Bjørnson)

 


2. VANDRINGSMEDITASJON MORGEDAL-ØYFJELL

 

FRIDOM

 

Eg kjenner ein nye fridom kome når eg pustar og pesar i dei verste bakkane. Kvardagen stilnar rundt meg. Vert var for fuglesong og bekkesus. Mediterar på pilegrimans sju nykelord: Fridom, stilla, fellesskap, det enkle, det langsame liv og utan bekymring. Til slutt kjem ordet som set fart på bein og tanke: trua. Me fylgjer stigane og vegane.  Ein fot framom den andre. Den enklaste rørsle som fins om ein har gode bein. Så er ein ein del avg ein lang vandringstradisjon. Dei fyrste kristne vart berre kalla ” dei som følger vegen.” I desse vandringsdagan er det føtene som ber bøner. Så renn eit retteleg Pauli ord meg i hug. Rett nok ikkje av dei saftigaste, men kan hende av dei viktigaste ” for i han er det vi lever og rører oss og er til.” Noko Janis Joplin syng ringlar i hovudet; “Freedom just another word for nothing left to lose.”

 

 

Å gjev meg ein plass

For mitt kne ved ditt altar

Og lat meg få ta mine vandrarsko av

Å gjev meg ei hand

Når eg vinglar og haltar

Og lær meg å takke for

For hjelpa du gav

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen)

                                                                                                                            

 

 

 

3. VANDRINGSMEDITASJON ØYFJELL-ÅMOT

 

I STILLA

 

Så er det plenty tid til og reflekter. Likt og ulikt. Det er rart med ungdomsminne.

Etterkvart kjem dei lengre og lengre fram i pannebrasken. Ei jente eg var forelska i kring konfirmasjonsalderen syner seg i ein vasspytt.  Minnet kjem frå den vinteren eg gjekk runde etter runde på skeisebanen, i håp om å få nærkontakt.  Mange år etter var eg på klassejubileum. Ho kjem og spør meg rett ut og gamal vellagra rødming trenger seg på ” ”Kvifor spurte du ikkje om eg var glad i deg!.  Eg hadde vore klar med eingong!” På det hadde eg ikkje svar. Så er det ikkje fritt for at eg mange gonger har tenkt å stille Gud det same spørsmålet,  men sjeldan våga: Er du glad i meg, Gud? Det er som om eg framleis går runder etter runde på skeisebanen.

 

Her legg eg mi bør

den eg bar så aleine

Her legg eg mitt offer

På altaret ned

Å gjev meg den klednaden

kvite og reine

dei seier du kler

din utvalde med

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

4. VANDRINGSMEDITASJON

 

ÅMOT-MJONØY

 

DET ENKLE

 

På veg opp kyrkjebakken i Vinje, ser eg for meg den gode gode vinbyggen Eivind. Eivind med eit eller anna syndrom.  No er ligg han i bakkane ved kyrkja. Det var kyrkjejubileum. Høgtid og stas.  Biskop, fylkesmann, politimester og ordførar var på plass. Kong Harald og dronning Sonja kom gåande opp kyrkjebakken. Då hoppa Eivind fram. Vaktane med propp i øyra, var kloke og sleppte han fram. Dronninga var endå klokare og tok imot klemmen frå Eivind. Med eitt var alle skiljer viska ut. Eitt møte mellom menneske. Ulike i stand og stilling. Men likt i det største og viktigaste; Dette å vera menneske. Kjenne seg att i andre og i fellesskap få bøyge seg under noko som som er mektigare og større. Anten ein er dronning eller Eivind.

 

 

Eg er vel den gjeste

Som uverdigast bøyer

Mitt kne utan skam

For ein tornekrynt drott

Eit lysande kors

Seg or jordskuggen tøyer

Og lykkeleg den

Som har lyskransen nådd

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

5. VANDRINGSMEDITASJON:

 

MJONØY-EDLAND

 

FELLESSKAP

 

Somtid på pilgrimsvandring er det stopp for å synge nokre salmer, lese små bøner og høyre eit Gudsord. Ellers er heile vandringa små openberringar av himmmel og den gode Gud. I prat og samtaler, mat og nærleik. Somme gonger set Gud opp regnboger på himmelen. Håpsteiknet han i si tid gav mennesket i Det Gamle Testamentet. Eit minne om at Gud aldri vil forlate menneskeborna.  I Særensgrend gjekk me innom plassen Mule. Her vandre Halldis Moren Vesaas jamnleg gjennom tunet på sine turer opp frå Midtbøs bakkar. Eigaren av plassen såg at ho ofte sette seg på ein stein for å kvile, og meinte at diktaren måtte ha noko betre å site på.  Så han fann fram plaststolar til å site betre. Takken kom som eit dikt.

 

I dag da vi nådde bakketoppen

Stod to kvite plaststolar der

Møblar av plast

Har eg elles lite til overs for

Men synet av tio slike stolar her

Gjer meg mildt stemt.

 

Vi set oss. Blir sittande ei god stund

Reiser oss og går.

Nedi bakken snur vi oss

og ser tilbake på dei to stolane

som står der som dei

var sleppte ned frå himmelen

 

Det kjennest som det er

nettopp det dei er.

(Halldis Moren Vesaas)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

6. VANDRINGSMEDTITASJON:

 

EDLAND-VÅGSLID

 

LANGSAM

Så får ein berre undre seg over korleis ein har blitt som ein er. Pilegrimsvandringa gjev ein gode høve til å seie noko om seg sjølv. . Ein går ved sida av kvarandre i mange dagar. Kan seie lite eller mykje til folk ein berre har kjent nokre dagar. Mange kjem ein truleg ikkje til å treffe att. Som var på ein på nattoget, prata intenst og ærleg , i halvmørkret, gjennom natta. Før ein forlet kvarandre med eit kort ”farvel” på stasjonen.  Spennande å møte så mange ulike menneske, Sjå og oppleve dei enkle gode handlingar ; ei utstrekt hand ved bekken eller ei osteskive til ein som har glømt si. Ei langsam vandring gjev gjerne høve til meddele seg om smått eller stort. Som ein liten skriftestol.  Eit norsk tidsvitne frå Sachsenhauen fortalte at mareritta forsvann, når han etter mange år byrja å fortelje historia si til skulelevar på

fredsreiser. I ein Guamatelansk landsby som vart teke av eit jordras under orkanen ”Stan” hadde folka sett om ein plakat: ”Me kjem ikkje vidare før me vågar å minnast våre døde.” På godt og vondt kan ein seie.

 

Eit blått auge brast

I ein skoddeheim

Der ingen lenger sa eit ord

Eit beiskt sekund

Vrengde leppene seg

Fars gatefulle liv

Var slutt omsider

Aldri vil det bli klart

Kva han sakna

Og kva han ikkje sakna

Han er ikkje å nå

( Tarjei Vesaas)

 

 

 

 

 

 

 

7. VANDRINGSMEDTITASJON:

 

VÅGSLID-ULVÅA

 

TRU

Mangt kan ein kjenne att undervegs. Vandring inn i fortid og barndom. Barnetrua vert vekt live. Somme snakkar om å finne tilbake til barnetrua. Men kan hende handlar meir om å finne fram til- enn attende. Eg likar godt nok forfattaren Levi Henriksen har sagt;   -Trua mi er ikkje sterk nok, ” til å løfte andre opp, men ho er som ein vegg eg sjølv kan kravle meg opp mot når eg har falle. Då treng eg Guds nåde. Guds nåde er å få hjelp til å reise seg opp. Skal eg takle livet, treng eg å be, få folde hende. Så opplever eg at dei folda hendene vert til eit hus når eg frys.” 

 

Dei må ikkje tru på deg fåfengt

Gjev deira voner held

Gjev dei må finne dei kjære som kvarv

I dødens djupe kveld

Gjev han han er til, den freden

Dei vonar å nå til slutt

Femnnast av den må alle dei

Som bad om det sårt og trutt

Ja, der må vera ei open dør

For alle som heim vil snu

 

Hjaret er fullt av bønn i kveld for

For allle menneskes tru!

(Halldis Moren Vesaas)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

8. VANDRINGSMEDITASJON:

 

ULVÅA- SVANDALSFLONA

 

Å DELE

Lediggang over fjellet er rota til noko godt. Dei lange seige dagane gjer noko med meg. Muskelfeste og ledd er smørt og olja. Hovudet og hjarta har rydda unna mykje. Tek til å tenke på alle dei gongane eg har skamma meg over å vera tiltrekt av Jesus. Svara unnvikande eller helst ikkje om eg trudde. Veit vel når eg slutt å tenke at det ikkje var flaut å tru på Gud. Kan tidefeste datoen som anna omvending. Det hende då Bob Dylan kom plata You`v gotta serve somebody” i 1979. Bob Dylan sto fram og fortalte om sitt møte med Jesus. Skreiv ein sang om at me må tene nokon. Når ein ser sitt liv i ein større samanheng, kan ein finne ro. Ein tidleg rockar frå Vest- Telemark set desse orda på det. 

Tyteberet uppaa Tuva
vox utaf ei liten Von.
Skogen med si grøne Huva
fostrar mangein raudleitt Son.

Eingang seint um Hausten lagde
liten Svein til Ber-Skogs ut:
«Raudt eg lyser,» Beret sagde,
«Kom aat meg, du Vesle-Gut.

Her i fraa du må meg tak

mogjet Ber er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
Svaladrykken af mit Blod!

Mognar du, so vil du beda
just den sama Bøn som eg.

Mogjen Mann det mest maa gleda,
burt for Folk at gjeva seg.

 (Åsmund Olavsson Vinje)

 

 

 

9. VANDRINGSMEDITASJON

 

SVANDALSFLONA- RØLDAL

 

 

HERREN VELSIGNE DEG OG VARE DEG

HERREN LATE SITT ANDLET LYSA OVER DEG OG VERA DEG NÅDIG
HERREN LYFTE SITT ÅSYN PÅ DEG OG VERA DEG NÅDIG

 

Livet rommar utfordringar. Somme går pilegrim for å finne ut korleis ein kan handskast med kvardagens mange. Andre berre for gleda over livet eller vona om å finne noko; ei tru, eit menneske, ei glede. Etter ei lang vandringer det godt å koma til Røldals-kyrkja. Bli varta opp og ønskt velkomen.  Som å kome til himmelen, som ein pilegrim sa. Eller kome heim kan, ein tenke.  Kjenne seg att og - bli attkjent . Bli møtt av eit venlegt andlet.

 

Helsar på blomane

Helsar på steinane

Helsar på bakkane

Helsar på gamle folk med eit stridt liv

Prenta i andletet

Dei seier; God du kom heim

Vi har tenkt på deg

Ein står forvirra og

Høyrer dette

Andlet framfor er som ein venleg hoggestabbe.

Endeleg kjenner ein

Ein er heime for godt.

( Tarjei Vesaas)

 

I Røldaskyrkje har mange sett sin lit til det undergjerande krusifikset. Bede om frelse og helbrede. I koret heng Han som vart vår hoggestabbe og som opna den store vegen gjennom død til liv.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no