GJENNOM DE FAGRE RIKER PÅ JORDEN
Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 26.06.08
I dag startar eit pilegrimstog frå Seljord kyrkje .Med biskop Olav Skjevesland i spissen. I ni dagar skal førti menneske følgje gamle vegar og stigar mot Røldal. Vest-Telemark, som med historielaga og kyrkja i Vest-Telemrak organiserer turen, fortel at interessa har vore stor.I si tid var Røldal og det sveittande krusifikset det nest mest vitja pilegrimsmålet i Norge.
Det er ei stille demonstrasjonstog som går vestover over Haukelifjell. Ingen plakatar for Høgfartsbanen eller ny E 134, eller høge rop mot sentralisering og fråflytting. Det hadde og vore på sin plass! Men den gongen handlar det om finne attende til samanhanger og røter. Oppleve natur, kultur og tru langs vegen. Ideala for pilegrimsrørsla er det enkle, det langsame, fridom, å dele, å være utan bekymring, og kunne være stille og ha kontakt med det åndelege. Alle dette treff noko i mennesket vår tid. Slik kan ein kalle pilegrimsmarsjen eit demonstrajonstog for eit enklare liv. Salma "Deilig er jorden" høver å synge for pilegrimar. I seg sjølve ein protestsong. Ein protest mot alt som kan øydelegge jorda vår, og understreking av at det finst håp.
Deilig er jorden
Prektig er Guds himmel
Skjønn er sjelens pilgrimsgang
Gjennom de fagre riker på jorden
Går vi til paradis med sang.
( Frå Deilig er jorden)
Eilev Erikstein
|