Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
Å MØTE VEGGEN - I EIDSBORGBERGET

Å MØTE VEGGEN - I EIDSBORGBERGET Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 12.06.08

 

 

Sykkelryttarar opp bratte berg imponerar meg. Ikkje mindre etter at eg prøvde meg på Eidsborgspriten sist helg.

 

Midvegs i berget var det full stopp. Måtte gå av sykkelen. Sjangla som ein full og lurte på om eg burde gjeva meg.

 

Men tenkte vel helst at snakket om at det var Raude Kross og doktor på staden ikkje galdt meg. Eg var rett og slett tom og arm i varmen. 

 

Men ei venleg hand gav meg ei flaske Cola. Eg tok ein slurk og nokon hjalp meg å helle ho ned på sykkelflaska.

 

Så vart eg fulgt ei stykke på veg. Utan krav og mas om å ta seg saman, om å kome seg på sykkelen å bli ferdig med løpet.

 

Etterkvart kom eg meg opp på sykkelsetet. Fekk pressa beina på lett gir, svelge kjensla av å bli sistemann opp til stavkyrkja.

 

Synest jamt det er godt å kome til kyrkja, men denne gongen var det nærarst himmelen å kome i mål.

 

Takka vera ei lita flaske Cola og ei venleg følggje rundt ein sving. Lite – medn tydde mykje for meg.

 

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no