Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
KVARDAGSMESSE I SKOGSLEIREN

KVARDAGSMESSE I SKOGSLEIREN (9.06.08) Sidan 1986 har det vore ytt diakonale tenester til skogsleiren i Fyresdal. Men det måtte ein teologisk student før dei innsettte fekk tilbod om ei nattverdmesse i skogsleirlavoen.

Jamleg har dei innsette tilbod om kyrkjeskyss til Veum og Moland kyrkjer . Denne tenesta går på omgang mellom fire sjåførar frå Fyresdal. Elles er tre visitorar med på dei månadelege besøka i regi av prostidiakonen. For nokre år sidan var og kyrkjelyden i Fyresdal invitert til gudsteneste i Kleivgrendsleiren. Og kvar jol er det joleandakt med sokneprest i Fyresdal og inspektøren frå Arendal Fengsel. Men no er det altså halde kvardagsmesse med nattverd. Til - tolv innsette var samla i lavoen ved messestart. Gudsteneste var leia av teolog student Jarle Bryne som har sin institusjonspraksis i skogsleiren og på Helsesenteret på Dalen.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no