Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
PRESTEPRAKSIS PÅ HELSESENTERET

PRESTEPRAKSIS PÅ HELSESENTERET ( 27.05.08)For fyrste gong i Vest-Telemark får ein teologistudent sin institusjonspraksis her. Jarle Bryne går frå vikarprest-teneste i Kviteseid til studentpraksis på Helsesenteret på Dalen denne veka.

Etter 20 månader i Vest-Telemark prosti, med  mesteparetn av tida i Kviteseid-kyrkjelydane, er Jarle Bryne godt kjent med Vest-Telemark. No gjer han unna nok ein bit av teologistudiet gjennom  institusjonspraksis på Helsesenteret på Dalen. Ei av dei fire vekene praksisen varer, skal han og vera i Skogsleiren i Fyresdal. Praksisvegleiar er prostidiakonen, medan sjukeheimsdiakon Bjørg Abusland set han inn i  arbeidet på Helsesenteret. Dette opplegget er i regi av Teologisk Fakultet ved Universitet i Oslo. Under praksisen deltek Jarle Bryne i  samtaler, held undervisning,  andaktar og gudstenester.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no