Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
HALD UT - VER STERK!.

HALD UT - VER STERK!. Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 23.mai 2008

 

Eg har prøvd å kome meg unna. Vil gjerne vera sterk og tøff, gå litt høg og mørk gjennom livet.  Men førre dagen gjekk det ikkje lenger. Eg heldt ikkje ut lenger. Braut saman. Det kom heilt brått på meg. Plutseleg høyrde eg meg sjølv nynne på årets Grand -Prix-låt ” Hold on. Be strong.”

 

Eg kan ikkje ta noko lang tekstolkning av songen. Men det handlar å å vera sterk og halde ut når livet er vanskeleg. Og når det er som verst og ser som mørkast ut, fins det alltid nokon som kan hjelpe. Å hente fram livskraft og styrke og samstundes kunne ta imot hjelp, er to viktige ting for å kome gjennom vanskar. Det handlar om kva som gjev håp.

 

Håp er ofte smått uforståleg. Det er vel difor det er håp. Håpet kan vera lite eller stort. Ein kar fortalte at det som hadde berga han var det gamle sundagskulevisdomen om at Gud ser alle ting. Tidlegare hadde han vore redd for det. Men når krisa råka, var det vissa om at Gud såg hans livskamp, som berga han.

 

 

Eilev Erikstein

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no