Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EG VAR SVOLTEN ?

EG VAR SVOLTEN ? Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 15.mai 2008

 

 

Eg skal ikkje liste opp alt som som plagar meg om dagen. Men det er er mange ting. Frå kjellarar i Austerike til generalar i Burma- og no sist jordskjelvet i Kina.Men verst kjensla av at nauden er så stor, at ingen ting hjelper.

 

Hjå meg har denne kjensla ein granne som heiter kynisme. Kynismen seier alltid. Nauden er for stor. Det nyttar ikkje. Hjelpa kjem ikkje fram. Kvar og ein må hjelpe seg sjølv. Pengane går i lomma på feil folk.

 

Jesus såg det aldri slik. Der det var naud prøva han å hjelpe. Hadde lært av Far sin at alle menneske har like stor verdi. At me er søsken på denne jord. At me alle ein gong vert utfordra til å seie kva me har gjort for å hjelpe dei svoltne, dei framande, dei utan mat, dei som er åleine, sjuke eller i fengsel.

 

Ei forsvar mot min eigen kynisme er å nytte postgiro 10. Dette er ein fellesaksjon mellom Raude Kross, Care,Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Flyktninghjelpen og Kirkens Nødhjelp for å hjelpe syklonofra i Burma.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no