FØREBUINGSDAG TIL VAKSENLIVET
( 13.05.08) I Nissedal er det tradisjon for at tiandeklassingane samlast på Fjone for å ha ein førbuingsdag før dei reiser ut på skular.Dagen var organisert i eit samarbeid mellom psykiatrien og Ungdomsskulen i Treungen.Mette Nordli, psykisk helearbeidar for barn - og unge i Nissedal,leia førebuingsdagen den åttande mai. Ungdomane var delt inni grupper, som alle skulle innom ulike instansar på sin veg mot vaksenlivet. Politiet, sosialkontor, doktor, helsesyster og diakonien var dei ulike stasjonane. Eksistenielle spørsml som livsmot, tap og sorg, var dei diakonale tema. Veret var det aller beste, Nisser var til å spegle seg i og det var vel og tanken med denne dagen: Eit høve for tiandklassingane til å spegle sin forventingar og draumar i møte med ein ny røyndom, hybel og nye klassar. Ein stopp i kvardagen for å reflektere og involvere seg i ei samtale om det nye livet som ventar etter ti års skulegang.
Bilde: På veg over Fjonesundet
|