HAN TENDE PÅ IDEEN
(2.05.08)Oddvar Ripegutu var diakonikonsulent i Agder og Telemark då ideen om ei prostidiakonstilling i Vest-Telemark oppstod. Saman med diakon Gotfred Rekkebo utvikla dei denne nyvinninga i norsk diakoni.I 2005 fekk Oddvar Ripegutu Diakoniprisen for sitt arbeid med å skaffe diakonistilling til Vest-Telemark. Ideen oppstod på slutten av 1970-åra og eit av reidskapa for å få landa prosjektet var dei prostivise diakonikursa Oddvar Ripegutu stod bak. Vidare var det arbeid mot sentrale styresmakter. Mellom anna løyvde dåverande kyrkje- og kulturminster Kjell Magne Bondevik pengar til oppstart under eit trangt møte i ein sminkegarderobe i Kristiansand Teater. Ripegutu er utdanna diakon frå Det Norske Diakonhjem.
|