KVITSUND-NATT FOR NESTEN HUNDRE
(19.04.08) Ei flott samlinga ungdom inntok Kvitsund natt til laurdag. Ungdom frå heile Vest-Telemark kom til turneringsnatt full av liv. Frå Edland, Åmot, Dalen, Høydalsmo, Treungen, Øyfjell, Seljord og Bø kom det ungdom.Turneringsnatta inneheldt ulike turneringar og konkurransar: Fotball, der Kviteseid 2 gjekk av med sigeren. Bordtennis, breakdance-kurs, sing-star turnering og bilspel. Midt i natta var det gudsteneste med med historia om om den blinde tiggaren Bartimeus som utforande tema for gruppearbeid. Bak tiltak sto lagsteama under leiing av lagsdiakon Reidun Nødland og miljøarbeidar ved Kvitsund Nils Kåre Bøe. Dei hadde med seg mellom femti og seksti kvitsund-ungdomar for å gjennomføre natta. Vel 90 ungdom frå bygdene deltok, men stemninga var heilt i hundre.
|