Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
MÅTTE DET BLI EIN VEG!

MÅTTE DET BLI EIN VEG! Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 17 april 2008.

 

På Haiti er det opprør, fortalte Dagsrevyen ein kveld. Grunnen er dei aukande matvare prisane. Dei seinare åra har prisen på mat auka med vel 35 prosent på Haiti. Prisane på landbruksvarer aukar over heile verda. Bra for bøndene, men for fattigfolk utanfor landbruket kan følgjene bli brutale.

 

Biodrivstoff er ein god ting, men er mellom dei ting som driv opp matvareprisane. Elles får klimaendringar og dyrare olje skulda for prisauken. Samstundes er den økonomiske utviklinga stor i Kina og India, og dei har fått råd til betre og dyrare mat.

 

Innslaget frå Haiti sette meg ein ti års tid attende. Eg var på studietur til denne vakre øya. Men klimaendringar og avskoging gjorde at ørkenen spreidd seg. Dessutan hadde den brutale Papa Doc og sonen Baby Doc sett landet i botnlaus gjeld.  Me møtte nokre bønder og fekk del i tankar om framtida for Haiti, om det var råd å kome ut av landets djupe krise, om det fantes nokon veg vidare? Då tok den eldste av bøndene ordet, fekk kontakt med tolken, og fortalte at dei hadde eit gamalt ord som lydde slik: ” Me går og går og tilslutt blir det ein veg.”. Måtte det det.

 

Eilev Erikstein

eilever@online.no

www.prostidiakon.no

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no