TAKK TIL VEST-TELEMARK RÅDET
( 15.04.08)Diakonatet har det siste året jobba for å få til eit samarbeid innan ruspolitikken i Vest-Telemark.Årsmøtet vedtok å sende denne uttala til Vest-Telemark Rådet som ein takk for måten dei har teke saka.Årsmøtet i Prostidiakonatet i Vest-Telemark, samla i Fyresdal sundag 6. april 2008 er samde om å rette ein takk til Vest-Telemark-rådet. Årsmøtet takkar for måten rådet har teke imot utfordringa om å arbeide med edruskapspolitiske spørsmål på tvers av kommunegrensene i Vest-Telemark.
Sidan diakonatet vende seg til rådet etter verdiseminaret om edruksapsrelaterte spørsmål, retta både individet og samfunnet sitt ansvar, har Vest-Telemark-rådet teke hansken og m.a. nedsett eit utval som har kome med fornuftige tilrådingar.
Vårt inntrykk er og at kommunane, kvar for seg, har vist vilje til å ta dette opp i sine lokale organ.
Vi veit nok til å slå fast at alkoholbruk, tilgjenge og misbruk heng nøye saman. Likt regelverk, kontrollar og konsekvent politikk når regelverket vert brote, er noko Vest-Telemark-rådet og kommunane kan bidra med.
Vi ser sjølvsagt at det er mange omsyn som skal takast, men vil likevel oppmuntre til å halde fram med arbeidet. Alkoholpolitiske tiltak må vurderast utifrå det ansvaret rådet og dei ansvarlege i kvar kommune har for å gjere Vest Telemark til ein betre stad å leva – for alle.
|