SMUG -TREFF I OSLO
(11.04.08) Nesten femti ambassadørar for Vest-Telemark inntok Smuget denne veka. Høvet var eit treff for utflytta vest-telemarkingar under leiing av bygdelivsmeklar Emilie AspilinDet var trangt og godt etterkvart på Smuget. Store steming. Vest-Telemark stilte med gode krefter på song og musikk, og alle regionens ordførarar var der. I slik samamheng vert ein kyrkjeleg representant litt smått, men innan diakonitenking er alltid det å vera ute på plassar der folk møtast av det gode.Her kunne ein treffe mange tidlegare konfirmantar og i alle fall ein kateket, som ikkje heilt avvise at det kunne vere greit å kome tilbake i til heimplassen. Med tildeling av trusopplæringspengar til alle i åra framover kjem Vest-telemark til å trenge kateketar. Ellers så hender det og st folk er opptekne av kva slags tilbod kyrkja har i Vest-Telemark. Somme lurar på barnearbeidet; korverksemd og ungdomsarbeidet . Andre er opptekne av kva kyrkja kan tilby av diakoni; besøksteneste, gruppetilbod og så vidare.
|