Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
DIAKONIPRISEN TIL TO VARME HJARTE

DIAKONIPRISEN TIL TO VARME HJARTE (6.04.08) Sundag den sjette april vart Diakoniprisen for Vest-Telemark delt ut i Moland kyrkje. Styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes stod for utdelinga til Leif og Signe Sølyst.Prisen vart delt ut for femtande gong.

 

 

I grungjeving for prisen heiter det:

 

"Leif og Signe Sølyst har gjennom eit langt liv teke aktivt del i, og vore viktige bidragsytere til det meste av det kyrkjelege arbeidet i Fyresdal. Det gjeld alt frå sundagsskulearbeid, møteverksemd, særleg i Birtedalen der dei bur, drift av kvinneforening, og den årvisse basaren i Birtedalen. I dag i alder av 84 og 85 år, er dei framleis engasjera i styret i Normisjon med Leif som kasserar.

 

Men dei held seg ikkje berre i Birtedalen.  I nærmiljøet er dei kjende for å være særs gjestfrie og romslege. Dei er jamt å sjå på ulike arrangement i Kyrkja i Moland.

 

Signe og Leif møter opp. Og som regel har dei fått med seg nokon fleir. Det er kan hende noko av det som særskilt kjenneteiknar dette paret; deira omsut og omtanke for at andre som sjølve kan hende ikkje kom seg så lett avgarde på ting, skulle få høve til å deltake, inkluderande fellesskap.

 

Å være aktiv i styre og stell er det mange som er, men å ha den omsuta for andre mennskje for at dei skal kunne få deltake både i kyrkjelege og kulturelle aktiviteter, syner verkeleg i praksis ei god diakonal omsut. Nestekjærleik er grunnlaget for diakonal verksemnd, og nestekjærleik overfor små  og store i nærmiljøet i Birtedalen og i bygda elles  har Signe og Leif synt gjennom alle år."

 

Prisen vart delt ut for femtande gong. Under diakonisamlinga var det ellers gudsteneste med song av Familiekoret i Fyresdal. Førdrag ved kyrkjerådsleiar Nils Tore Andersen om kyrkjas nye diakoniplan.Og som alltid i diakonal samanheng; ei riktig god suppe.

 

Tidlegare har desse fått prisen;

1994: Gotfred Rekkebo (post mortem)
1995: Vest-Telemark Blad
1996: Kirkens SOS i Telemark
1997: Nattcaféen i Treungen
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007; ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no