STORT UNGDOMSARBEID
(2.04.08) Det kristne ungdomsarbeidet er i vekst i Vest-Telemark. Mykje takka vera arbeidet som vert driven gjennom lagsdiakon Reidun Nødland og lagsteama ved Kvitsund Gymnas. I år er seksti fire ungdomar i tillegg til vaksenleiarar, engasjert i arbeidet. Det er det team og arbeid i Treungen, Fyresdal, Edland, Rauland, Åmot, Dalen, Flatdal, Kviteseid og Bø. Ellers hjelper Kvitsund-prosjktet til med barnearbeid i Morgedal. Attendemeldingane på arbeidet er gode. Mange plassar er dette det einaste kristne ungdomsarbeidet på staden. No innbed teamungdomane under leiing av lagsdiakonen til stor turneringsnatt på Kvitsund Gymnas frå fredag den 18. til den 19.april. Her vert det m.a fotballturnering, break-dance og midt på natt gudsteneste.
Bilete: Frå ungdomsklubben på Soknehuset på Dalen denne veka.
|