HEIMESIDE SPØK
( 1.04.08) Denne sto på sida 1.april."Den raud-grøne regjeringa har vedteke å løye pengar til eit Diakonisenter på Hovden-øya i Møsvatn. Her vil ein bruke den nedlagte skulen og kyrkja for å lage eit kompetansesenter for diakoniutvikling i bygde-Noreg. "Regjering, Kyrkjedepartement, Agder - og Telemark Bispedømme ,Møsstrond sokneråd ,Kyrkjerådet, KA, Vest-Telemark Rådet og Vinje kommune vil samarbeide om dette senteret som spesielt skal utvikle ein bygde-diakoni. Elles vil ein ha som fokus å få til gode prosjekt for turist-Norge. Senteret er meint å ha fem stillingar. Og vil ved sida av utviklings- og studiearbeid tilby retreat og pilegrimsvandringar.
- Dette er gledeleg, og vil tyde arbeidsplassar for Vinje kommune, seier ein pådrivarane for det nye Diakonisenterert ordførar i Vinje Arne Vinje. Vinje har med sine gode kontaktar vore ein viktig for førarbeidet til seneret.
Bakgrunnen for dette prosjektet innan prostidiakon, er dei gode røynslene ein har med diakonistillingane i Vest-Telemark og Setesdalen.
Prostidiakonen reiser inn på Vest-Telemark -treff den tiande april i Oslo for å rekruttere folk til arbeid på senteret. Men alt no kan folk med diakonikompetanse melde seg, eller bli meldt av andre
-Møsstrond er midt i smørauge for eit diakonisenter , seier biskopen i Agder og TelemarkOlav Skjevesland. Førebels er det uklart kva namnet på senteret skal bli. Men styreleiar i Prostidiakonatet i Vest-Telemark Oscar J. Garnes går inn for å kalle det Rekkebo-senteret. Gotfred Rekkebo (1911-83) var diakonen som i si tid hadde ideen til prostidiakonstillingane.
I ettermidag kjem kyrkjerådsleiar Nils Tore Andersen til Møsstrond for å sjå på staden og legge ned ein symbolsk grunnstein i Hovden-kyrkja. Mykje er ennå uklårt, men ein ein treng kjappe tilbakemeldingar på namnvalet: Skal det vera Rekkebo-senteret eller noko anna ?
Reaksjonar kan sendast prostidiakonen i Vest-Telemark 91113580.
|