KLARE TIL DIAKONISAMLING
(27.03.08) Diakoniutval, sokneråd og tilsette i Fyresdal er klare til diakonisamlinga sundag 6.april. Denne veka hadde dei sitt siste planleggingsmøte. Diakonisamlingane i Vest-Telemark har ei lang historie. Fyrste gong prostiet var samla i diakaonal samanheng var i 1979. Den den gongen kom diakon Gotfred Rekkebo frå Nissedal med framlegget om å få til ei prostidiakonstilling i Vest-Telemark. Denne vart realitet i 1985 og Per Emanuelsen vart landets fyrste diakon for eit heilt prosti.
I dag er denne modellen spreidd seg til fleire plassar i landet.S omme stader vert det snakka dei om Vest-Telemark modellen i diakoni. Sundag 6.april vert det halde årsmøtet i Diakonatet i Moland kyrkje, før det vert rydda til gudsteneste,utdelingav diakoniprisen, mat og samling.Under samlinga vil kyrkjerådsleiar Nils Tore Andersen kåsere om diakonal utfordringar.
Biletet: Sokneråd i Fyresdal samla på kyrkjekontoret. Dei ein finn på bilde er : Tone I. Veum, Solveig A. Midtgarden, Tone Wiik, Berit Gulbrandsen, Olav Jakob Tveit, Einar Mikkelsen, Turid Tislevoll og Else Berit Mandt Gaaren.
|