NY FASTEAKSJON
(8.03.08) Diakonispalta for laurdag 8 mars 2008.
Kirkens Nødhjelp vart seksti år i fjor. I si tid vart Kirkens Nødhjelp stifta for å drive arbeid blant den naudlidande sivilbefolkninga i Tyskland etter krigen. Ein radikal start. No er Kirkens Nødhjelp heilt i front når det gjeld å utfordre på fattigdomsspørsmål.
Fasteaksjonen er Norges største dør-til-dør-innsamling ved sida av TV-aksjonen. Konfirmantar og foreldre saman med sokneråda utgjer ryggrada i Fasteaksjonen. I fjor nådde fasteaksjonen vel 27 millionar. I Vest-Telemark kom det inn 220 000 kr, og nesten to hundre bøsseberarar var med.
Tysdagen før palmesundag er den faste dagen for innsamling til Kirkens Nødhjelp. Målet er at dei aller fleste hus i Vest-Telemark skal få besøk av ein bøsseberar. Det krev samarbeid mellom mange.
Eg trur det gjer godt for oss i Vest-Telemark å få ein glytt av den vide verda. Det gjer godt å gå med ei innsamlingsbøsse, og det gjer godt å gje. Det er naudsynt for å bevare sanne menneskege verdiar i samfunnet.
Nå roper en verden: Vi trenger ditt hjerte, din evne, ditt brennende sinn! Og fikk du din ungdom til odel og eie, så bruk den -. Sett kreftene inn
(Arne Paaske Aasen)
|