NILS TORE ANDERSEN TIL FYRESDAL
(25.03.08) Om to veker er det diakonisamling for Vest-Telemark i Fyresdal. Ei storsamling for alle diakoniinteressera i distriktet. I år har me vore så heldig å få med kyrkjerådsleiar Nils Tore Andersen. Tid og stad for samlinga er Moland kyrkje sundag 6.april 2008 kl.17 .Samlinga startar med gudsteneste ved soknepresten i Fyresdal Olav Jaobob Tveit og prost Øyvind Jørgensen. Her deltek òg Fyresdal Familiekor. Det vert det utdeling av Diakoniprisen for 2008 ved styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes. Vidare vil kyrkjerådsleiar Nils Tore Andersen halde eit innlegg om "Frå plan til diakoni:"
Frå fjorårets diakonisamling på Kommunehuset på Dalen.
|