TID FOR ÅRSMØTE
(18.03.08) I desse dagar vert innkalinga til årsmøtet for Diakonatet sendt ut.Staden er i Moland kyrkje i Fyresdal sundag 6.april 2008 kl.15. Mellom sakene som skal behandlast er budsjett, rekneskap og val.
I Vedtektene for Diakonatet heiter det; "Årsmøtet er sett saman av 2 representantar frå kvart sokn i prostiet. Alle har stemmerett. Prosten møter med stemmerett. 1 repr. frå bispedømerådet, kyrkjeverjene og sokneprestane i Vest Telemark vert invitert med talerett.".
Årsmøtet et er elles opent for alle. Rett etter årsmøtet tek Diakonisamlinga for Vest-Telemark til. Hit kjem kyrkjerådsleiar Nils Tore Andersen, og det vert avslørt kven som får Diakoniprisen for 2008.
|