NORGES HØGSTE KYRKJEKAFFI
(16.03.08) Palmesundagsmesse på Møsstrond samla full kyrkje. Og utafor kunne ein glede seg over strålande påskevær.Palmesundagsmessa på Møsstrond er jamt godt besøkt. Men i år måtte òg midtgangen nyttast for å på plass til alle. Salmesongen lydde sterkt, og mange delte nattverdsfelleskap. Elles var det utdeling av bøker til tre-fire og seksåringane som soknar til kyrka. Etter messa var det eit lite årsmøtet for Møsstrond-kyrkjelyd på utsida av kyrkjemuren. Her skjenkte soknerådet raust av kyrkjekaffien. Norges høgste kyrkjekaffi må vel det bli!
Bilde: Soknerådsleiar Helge Hovden skjenker kaffi utafor kyrkja på møsstrond.
|