ALKOHOLDRØFTING ETTER DIAKONI-INITIATIV
(7.12.07)Vest-Telemark Tinget tek neste veke opp ei drøfting om samkøyring av alkoholpolitiske retningsliner i Vest-Telemark. Initiativet til denne drøftinga kjem frå Prostidiakonatet. Bakgrunnen for saka er verdiseminaret som Diakonatet og Vinje kommune arrangerte sist haust med tema "Vest-telemark fylla." Etter kurset utfordra Diakonatet Vest-Telemark Rådet til drøfte om det er råd å få til ei sameining av dei alkoholpolitiske retningslinene i Vest-Telemark kommunane. VTR sette ned ei utval med rådmannen i Vinje Hans K. Lehmann,rådmannen i Fyresdal Vigdis M. Gulbrandsen og prostidiakonen. Utvalet har levert si innstilling. Ho syner monaleg auke i alkoholkonsumet i Vest-Telemark. Innstilling vert handsama av Vest-Telemark Tinget i Morgedal torsdag 6.desember.
|