FYLTE KOMMUNEHUSET
(10.03.08)Vel åtti menneske kom til dugnadskonserten på Kommunehuset på Dalen sundag. Høve var den store Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp som vert avslutta med dør-til-dør-innsamlinga tysdag 11.marsDet var fyrste gong kyrkjelydane i Tokke har arrangert ein slik solidaritetskonsert i samband med Fasteaksjonen. Men lydde ein til kommentarane på folk ut av Kommunehuset, kan dette godt bli ein årleg tradisjon. Det var stor breidde i utøvarar: Willy Gulbrandsen, Herdis og Øyvind Jørgensen, Guro Ormestøyl, Marianne Einerbærholmen,Ingrid og Gunnar Grøstad Johnson, Joakim Grimstvedt, Elen Andrea Erikstein, Ellen Iris Lindvåg,Kristi Skålid, Tokke Songlag og barne-og ungdomskoretTusen Stjerner. Sentral i konserten - navet i det heile - var organist Zbignev Radizij. Ellers var det allsong og kort informasjon om Fasteaksjonen. Til Kirkens Nødhjelp kom det inn over fire tusen kroner.
Bilde: Herdis og Øyvind Jørgensen song Åse Marie Nesse si kveldsalme til melodi av Gunstein Draugedalen.
|