VEST-TELEMARK KONFIRMANTANE SAMLA
( 8.03.08) Laurdag var det mykje liv på Vinjehuset. Nær åtti konfirmantar frå Nissedal, Tokke, Vinje og Fyresdal kom saman til forballturnering og informasjon om Fasteaksjonen.
Nissedal vann fotballturnering med Rauland som ein god toar.
Frå Kirkens Nødhjelp kom Anne Britt og Monika. Monika er frå Kenya og Anne Britt frå Rennesøy og har fjorten dager med reiseverksemd for inspirrere til Fasteaksjonen. Elles fekk konfirmantar og vaksne ei lita kjensle kor urettferdig verda kan vera. Gjennom noko kalla Handelsspelet vart det tydeleg kva slag handikapp det er å vera frå eitt fattig land. Dagen vart avslutta med gudsteneste med nattverd.Det er tiande året ein samlar konfirmantane til slike samlingar i Vest-Telemark.
|