Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EIN HEIM I DI KYRKJE PÅ JORD

EIN HEIM I DI KYRKJE PÅ JORD Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 6.03.08

 

Sist veke vart kyrkjetenar Arlid Bjaaland gravlagt frå Moland kyrkje. Mange følgde han til den siste kvilestaden. Det var  rart å ikkje sjå han der på kyrkjegarden. Men det vart uttrykt mykje takksemd for den tenesta Arild har gjort for kyrkja i Fyresdal. Han kunne så mykje, og sette si ære i å halde det fint inni - og utafor kyrkjene.

 

Så kom eg av og til frustrera innom kontoret hans i bårehuset ved kyrkja.  Klaga min naud over dette og hint i kyrkjelivet. Arild såg gjerne litt på meg. Let meg nok òg snakke ut. Før han slo fast at kyrkja var så mykje meir enn indre strid og ordskifte. At den verdesvide kyrkje på jord alltid måtte halde blikket på Kristus, og at ein måtte sørge for nok føde ved nattverdbordet. Ein ber om at konfirmantane må finne ”ein heim i di kyrkje på jord.” Arild hadde funne denne heimen, og synte meg noko om kor viktig det er. Det fekk eg vel aldri sagt medan han levd. Slik er det.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no