DIAKONIENS DAG I TREUNGEN
(2.03.08) Det er lange tradisjonar for Diakoniens Dag i kyrkjelydane i Nissedal.Denne gongen var turen kome til Treungen på ein fin nysnøkledd vinterdag.Diakoniens Dag i Nissedal var ein fast institusjon i kyrkjelydane etter initiativ frå diakon Gotfred Rekkebo tidleg på 1970-talet. Dagen var lagt tett opp til diakonipioner Johan Wichernes i april. Vel femti menneske hadde benka seg i kyrkja då messa starta. Fyrst kom ein liten prosjon med sokneprest Ingeborg Matre, diakonen, klokkar Reidun Lauvdal og tErje Holmbakken til å bere bøneura. Ved orgelet som vanleg Olav Svalstog og Anne Marie Larrson drog i dei rette taug og trådar.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi på Bedehuset ved Diakoniutvalet i Nissedal: Anne Berge, Knut Haugsjå og Anne Magny Aarak. Denne dagen sakne med Asbjørg Rygh Pedersen og Jon Olav Klodvik.
Bilete: f.v Knut Haugsjå, Anne Berge og Anne Magny Aarak
|