Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
STOFF TIL KYRKJELYDSBLADA 2/08

STOFF TIL KYRKJELYDSBLADA 2/08 (20.02.08) Her kan ein finne noko stoff til kyrkjelydsblada

(1) I DEN KVELD…..

 

Utan at Kristus har stått opp, kan ein ikkje snakke om noko tru, skriv Paulus. Jesus slo seg gjennom liv og død.  Det er litt Supermann over dette i mitt hovude. Men før oppstoda på den tredje dag sprengte òg Jesus mange andre grenser.

 

Uredd var Jesus, og  bordskikken var dårleg. Farisearane hevda alltid at han sette til å eta saman med feil folk. Provoserande lyfte han utstøtte inn i fellesskapen. Ein gong sette han fram eit lite born, og sa at alle måtte bli som det for å kunne fatte noko.

 

Siste kvelden saman med gjengen, greip han eit vaskefat og vaska beina til læresveinane. Fotpleia var heller dårleg utbygd den gongen, og har sett ellers gode menneske kvalmast over synet av skitne mannebein.

 

Ein nekta. Ikkje Judas, men Simon Peter. Grunnfjellet sjølv. Dette ville han ikkje finne seg i. Men då sa Jesus at dei ikkje kunne ha fellesskap meir. Jesus fortalte då med klare ord at det å vera tenar for andre er det største. Slik han var tenaren som gjekk gjennom død og angst for oss menneske.

 

Eilev Erikstein

 

(2)

EVANGLIET I HANDLING

 

Frans av Assisi skal ha sagt at evangliet må forkynnast om naudsynt med ord. No seier det nye diakoniplanen for kyrkja det mest like sterkt, og ein liten teologisk revolusjon har skjedd: ” Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.” Diakonien er kyrkjas glade bodskap. Alle treng me diakonien. Somme gonger som utøvarar, andre gonger får me lov å ta imot. Kort sagt er diakonien ei teneste for medmenneske og skaparverket, og ei teneste for Gud. Større, betre og viktigare kan det ikkje vera. Diakonien er ikkje eit oppdrag berre for diakonar, prestar og diakoniutval, men for alle i kyrkjelydane, tilsette og valte. Det ligg mykje god diakoni i høge blautekaker eller krossstinga i altarduken. Det er ei diakonal teneste å hjelpe sørgande på kyrkjegarden eller samle inn offer i kyrkjebenkane. Somme forløyser sorg eller får fram gleda på orgelkrakken, andre inspirer til gode handlingar. Utan diakonien stoppar kyrkja, kan ein seie. For å låne nokre ord som minner om lastebilar.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no