Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
KLART FOR NY PILEGRIMSVANDRING

KLART FOR NY PILEGRIMSVANDRING Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 21.februar 2008

 

I desse dagar vert programmet for pilegrimsvandringa frå Seljord til Røldal lagt. Gjennom nokre år no har Vest-Telemark Museum, kyrkje og historielag organisert ei årleg vandring vestover. Vandring startar frå Seljord 26.juni og i år vert biskop Olav Skjevesland med den fyrste dagen.

 

Dei gamle pilegrimane hadde bestemt reiseutstyr med seg. Hatt og kappe til vern mot vær og vind. Stav til å stø seg på vegen. Staven skulle òg minne dei om kor naudsynt det er å stø seg til Kristus under vandringa.  Veska skulle vera lita. Ein pilegrim skulle klare seg med lite, og veska skulle alltid vera open slik at ein lett kunne dele med seg. Gjennom marsjen kan ein kjenne ein ny fridom og vera open for forandring i livet. Folket på vegen er ulike. Nokon går for å få med seg historie og kulturen langs vegen, andre for helsa si skuld. Somme for trua på Jesus. Andre igjen for heile pakka.

 

Men det er den same varme sola me kjenner, og er takksame for.  Nyt dei same svalande regnbyger, får like vonde gnagsår og kjenner lukta av sauemøkk, ja, trakkar jamvel i han. Vi går under den same høge himmelen. Følgjer gamle tråkk og vegar, dei som blir til nye i sinnet.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no