OVF- MIDLAR TIL DIAKONATET
(15.02.08) Av 3,5 millionane som vart delte ut frå Opplysningsvesnets Fond til kyrkjelege tiltak denne gongen, hamna 100 000 hjå Prostidiakonatet.
Prostidiakonatet i Vest-Telemark er på lista over dei som har fått OVF- midlar for 2008. Hundre tusen kroner er løyd til eit bokprosjekt knytt opp mot den nye diakoniplanen. Initiativ til søknaden kom frå soknediakon i Sauherad og prostidiakon Eilev Erikstein i Vest-Telemark. Prostidiakonatet i Vest-Telemark stilte seg bak søknaden, og styreleiar Oscar J. Garnes vil fungere som prosjktleiar.
Tanken er å lage ei praktisk-røynslebygd bok om diakoni, som kan vera med på å verkeleggjere den nye Diakoniplanen. Prosjektet er kalla: ”Med andre ord.” Førebels har prosjektet sett saman ei referansegruppe med representantar for kyrkjerådet,KA kyrkjelyds- og institusjonsdiakonien. Boka vil innehalde artiklar på både bokmål og nynorsk. Dei hundre tusen kronene frå Opplysningsvesnets Fond og stidiestipendmidlar frå Diakonforbundet gjer at prosjektet kan bli realisert.
Målet er å ha ei bok ferdig seinhausten 2008.
Bilde: Soknediakon Ivar Solbu er alt i arbeid med diakoniboka.
|