FAGDAG FOR VEST-TELEMARK PROSTI
(14.02.08) Ola og Gunhild Tveitgrendlia frå Tveitgrendi i Kviteseid dukka opp på fagdagen, og kom med mange innspel på kyrkjedrift.
Tilsette av alle slag i Vest-Telemark prosti var samla til fagdag i Vrådal denne veka. Alt i alt tredve deltakarar inntok Straand Hotell, og fekk høveleg fastemat i form av laks til dugurds. Innleiar var stiftsdirektøren i Agder og Telemark Tormos Steene-Hansen og forhandlingsleiar i KA Steinar Moen. Tema var samarbeid, arbeidstid,arbeidsplanar og tenesteordninga for prestane. Ved sida av ein kort informajonsbolk om den nye diakoniplanen, stakk Ola og Gunhild Tveitgrendlia innom. Revyparet som i det dagleg heiter Øyvind A. Jørgensen og Kjell Arne Norum skapt latter og god humring mellom deltakarane. Dagen vart yppeleg leia av kyrkjeverja i Seljord Jon Svartdal
Denne årlege kursdagen er eit samarbeid mellom prosten og kyrkjeverjene i Vest-Telemark.
Bilde: Dette er Gunhild Tveitgrendlia. Til dageleg heiter ho Kjell Arne Norum og er sokneprest i Kviteseid.
|